Nude bridal heels placed on rustic white wooden floor beside flowing white wedding dress and blue bridesmaid gown.

 

Bryllaupspakkar

 

finn bryllaupspakken som passar dykk best!


 

 

 

 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat

 

 

 

Smiling bride holding bouquet stands with groom outside church in elegant black and white photo.

heildag - 12 timar

23 000 kr

 

Ingen bryllup er like – og det er nettopp det som gjer dei så fine!

Med denne pakken får de 10 timar fotografering, som gir oss rom til å dekke alt frå forberedelsane på morgonen, sjølve seremonien, portrett og gruppebilder, til fest og stemning utover kvelden.


Me får tid til å fange både dei store augneblikka og dei små detaljane som betyr mest for dykk. Kanskje de ynskjer ein “first look”, meir tid til portrett i ro og mak, eller ekstra fokus på gjestene?


Saman planlegg vi dagen slik at fotograferinga blir tilpassa dykkar historie og ønskjer – slik at de får eit minne for livet som speglar kven de er.


Bryllaupsdagar går ikkje alltid heilt etter skjema - og det er heilt greit! Om de undervegs kjenner at de vil ha meg med litt lenger, så er det fullt mogleg å utvide. Pris for ekstratimar: 1900 kr per påbegynte time.

 

Groom raises glass for toast surrounded by wedding guests at elegant candlelit reception dinner.

halvdag - 6 timar

12 500 kr

 

Denne pakken passar for dykk som ynskjer å fange dei viktigaste augneblikka.


Med 6 timar får vi god tid til vielse, portrett og ein del av festen/middagen.

Perfekt om de ynskjer ei litt meir kompakt dekning av dagen – men med fokus på det som betyr mest for dykk.


Bryllaupsdagar går ikkje alltid heilt etter skjema - og det er heilt greit! Om de undervegs kjenner at de vil ha meg med litt lenger, så er det fullt mogleg å utvide. Pris for ekstratimar: 1900 kr per påbegynte time.

 

Bride and groom sit on dock sharing intimate moment with scenic mountain lake behind them.

brudebilder - 1,5 time

5000 kr

 

Denne pakken er for dykk som ikkje treng dekning av heile dagen, men som ynskjer stemningsfulle brudebilder. Me møtast til ein roleg fotografering på bryllupsdagen eller ein eigen avtalt dag, slik at vi kan skape tidlause portrett som speglar kjærleiken og gleda dykkar.


Vi set av ca. 1,5 time til fotograferinga, slik at de får både klassiske portrett, detaljbilete og kanskje nokre uformelle augeblikk undervegs. Etterpå leverer eg eit utval ferdig redigerte bilete i høg oppløysing via digitalt galleri.


Perfekt for dykk som ynskjer det heilt essensielle – vakre brudebilder som eit minne for livet.

 

Eg er òg open for weekend-bryllaup og bryllaup som krev reise utanfor nærområdet. Ta gjerne kontakt, så kan vi snakke saman om moglegheiter, praktiske løysingar og eventuelle tillegg for reise og opphald.

 

inkludert i alle pakkar:

 

Planleggingsmøter


Tilgang til nettgalleri for enkel deling av bilder med familie eller venner


Sneakpeak levert 48 timer etter bryllupet

Bride raises flower bouquet and champagne bottle triumphantly against mountain backdrop in black and white.

 

Gjeld alle pakkar:

 

Reservasjonsgebyr: 50% av totalsum ved booking.


Ved bryllaup meir enn 10 km frå Sogndal eller Bergen kjem eit tillegg på 4,90 kr per km for køyregodtgjærsle. Dersom det er behov for anna transport enn bil, dekkes dette av brudeparet.


Fotografen kan bruke nokre utvalde bilete frå bryllaupet til eigen marknadsføring, som på nettside, sosiale medium, trykksaker eller utstillingar. Bileta blir alltid valde med omhug, slik at brudeparet og gjestane blir viste på ein verdig og profesjonell måte. Om de ikkje ønskjer at bileta blir brukte til dette, kan de reservere dykk mot eit tillegg på 3 000 kr.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Portefølje

Black and white photo of bride and groom holding hands walking beside a rustic grass-roofed cabin with mountain lake backdrop.
Bride and groom sharing a romantic kiss by a serene fjord with dramatic mountain scenery in Norway.
Ein smakebit frå brudepar eg har følgd